Hopp til hovudinnhald

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022

1. 1 Innleiing

Høgare yrkesfagleg utdanning skal svare på arbeidslivet sitt kompetansebehov, og gi kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan vidare opplæring (Fagskoleloven §4, 2021). Dette fordrar eit tett samarbeid med arbeidslivet, for heile tida å vere oppdatert på behova der. I tillegg fremmar kompetansereforma at det må leggast til rette for at arbeidstakarar kan lære heile livet (Meld. St. 14 (2019-2020)). Slik sett må høgare yrkesfagleg utdanning vere attraktiv og tilgjengeleg for folk i arbeid. For å svare på dei ulike kompetansebehova må sektoren både vere tilbydar av lengre gradsutdanningar, men òg kortare utdannings- og studietilbod.

I 2021 var samfunnet fortsett prega av koronapandemien, og fagskulane var råka av omfattande endringar og utfordringar som følgje av til døme nedstengingar og smitteverntiltak. Men sektoren var òg ein sentral del av løysinga på utfordringane som oppstod i samfunnet, slik som auka arbeidsløyse og permitteringar, og viste både fleksibilitet og evne til å svare raskt på kompetansebehova i arbeidslivet. Dette ser vi mellom anna i auken av studentar på korte, modulbaserte utdanningar, som i stor grad vart sette opp for å gi tilbod til permitterte.

Auken i korte utdanningar under 30 studiepoeng heng òg saman med auka etterspørsel frå arbeidslivet, og auka finansiering til slike tilbod gjennom til dømes bransjeprogramma. I tillegg har nok lovendringa i 2021 som oppheva den nedre grensa på 30 studiepoeng lagt til rette for ytterlegare auke i slike tilbod. Dette er ein av dei strukturelle endringane som vi reknar med vil endre biletet av sektoren dei nærmaste åra, og som har gitt fagskulesektoren endå eit verktøy til å dekke arbeidslivets behov.

Veksten vi har sett i sektoren kjem likevel i hovudsak innan dei meir ordinære utdanningsitboda mellom 30 og 120 studiepoeng. I samband med pandemien fekk sektoren ein stor auke i tilskot til 1 500 nye studieplassar sommaren 2020, noko som raskt ga seg utslag i ein vekst i studenttalet. Denne veksten held fram i takt med at finansieringa av studieplassane blei fasa inn i åra etter, noko som viser at sektoren maktar å rekruttere studentar.

Den økonomiske styringa av driftstilskot til høgare yrkesfagleg utdanning er lagt til fylkeskommunane, medan dei overordna måla og grunnleggande retningslinjer for forvaltninga, er sett av Kunnskapsdepartementet, og forvalta av HK-dir. Dei overordna måla med driftstilskotet er at det skal bidra til høg kvalitet i utdanninga, at utdanninga skal vere yrkesretta, vere lett tilgjengeleg for studentane, og at sektoren skal vere effektiv og solid. I tillegg til den offentlege finansieringa er ein stor del av sektoren finansiert av studentbetaling.

Deloitte held på med ei evaluering av tiltaka som har blitt iverksett etter fagskulemeldinga (Meld. St. 9 (2016–2017)). Dei har førebels levert to rapportar frå evalueringa (Deloitte, 2021, 2022), der den førebels siste omhandlar finansieringssystemet. Sluttrapporten frå evalueringa vil bli offentleggjort i mars 2023. HK-dir vil følgje opp evalueringa med tilrådingar til Kunnskapsdepartementet, avhengig av kva evalueringa viser.

Evaluering av fagskulemeldinga

Evaluering av fagskulemeldinga

Stortingsmeldinga «Fagfolk for fremtiden», også kjent som Fagskolemeldinga, blei vedtatt av Stortinget i 2017. Ho inneheldt ei rekkje tiltak for å auke kvaliteten på og statusen til fagskoleutdanninga. HK-dir administrerer no ei evaluering av fagskulemeldinga og finansieringssystemet for høgare yrkesfagleg utdanning på vegner av Kunnskapsdepartementet. Oppdraget vart sett ut til Deloitte etter ein anbodskonkurranse. I mars 2022 leverte Deloitte andre delrapport i evalueringsprosjektet, ei vurdering av finansieringsmodellen i sektoren. Rapporten er no på offentleg høyring med frist for innspel 1.september 2022.

Deloitte sin rapport ser på korleis finansieringssystemet fungerer for ulike aktørar, kva rolle det speler i arbeidet med å heve kvaliteten og betre samanhengen mellom utdanningstilboda og kompetansebehovet i arbeidslivet. Evalueringa ser på både dei fire tiltaka i Fagskulemeldinga som spesifikt kan koplast direkte til finansieringssystemet og på andre ordningar som har blitt etablerte i tida etter 2017 og har innverknad på finansieringa av sektoren. Evalueringa er basert på ein kombinasjon av ulike metodiske tilnærmingar – til saman skal dei sikre at ein får eit så breitt informasjonstilfang som mogleg. Meir enn 100 representantar for ulike delar av sektoren har vorte intervjua. I tillegg har meir enn 100 rektorar og styreleiarar fått tilsendt ei spørjeundersøking.

Rapporten syner at det har vore tydeleg vekst i den totale finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning dei siste åra. Samtidig har det vore ei vesentleg auke i talet på studentar. Finansieringa kjem i hovudsak frå fire hovudkjelder: statlege driftstilskot frå KD, fylkeskommunane sine frie midlar, studentbetaling og statlege prosjektmidlar. Evalueringa til Deloitte peiker på at endringane som blei innført i finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning i 2018 har vore føremålstenlege. Ei fragmentert finansiering blei samla i eitt system med tre element: grunntilskot, resultatbasert tilskot, og konkurransebaserte midlar til utviklingsprosjekt.

Med utgangspunkt i dette systemet kan hovudfunna frå evalueringa oppsummerast slik: Ordninga med grunnfinansiering, eit resultatbasert insentiv og utviklingsmidlar som kan søkast på, er god, men tilbakemeldingane er at nivået på finansiering er for lågt med tanke på å sikre naudsynt kvalitetsutvikling framover.

Forvaltingsansvaret hos fylkeskommunane er positivt med tanke på nærleik til fagskular og arbeidsliv, men har samtidig nokre utfordringar knytt til kvalitet i forvaltinga, kor føreseieleg forvaltinga er for fagskulane, og handsaming av nasjonale behov som har for lite omfang til å dekkast lokalt.

Sektoren er positiv til at ein andel midlar blir konkurranseutsett, men det er tydeleg at volumet på prosjektbasert finansiering i sektoren er stort. I 2020 utgjorde prosjektbaserte tilskot til sektoren om lag 13 prosent av det statlege tilskotet til drift. Innføring av fleire ulike stimuleringsordningar som i stor grad overlappar med det etablerte finansieringssystemet – som Industrifagskolen, treparts bransjeprogram, og etter kvart ei ny ordning for fleksible og desentraliserte utdanningstilbod – set fagskulane under eit høgt administrativt press, og gjer det utfordrande for fylkeskommunane å fylle rolla som forvaltar av sektoren.

Kjelde: HK-dir